Terje Nordstrand - Guds Grøne Enger
Produktbeskrivelse
Songane har vorte til over ein del år, etter som ymse tema har kome til meg i møte med menneske og erfaringar som livet byd på. Det kjennest godt å få forma mine tankar og min tillit til Gud og hans løfter i ord og tonar, og få synleggjera mi djupaste tru gjenom desse songane. Så er det mi bøn og håp at den som lyttar også kan få sjå at kvar enn vi er i livet så vil Gud møta oss med sin fullkomne kjærleik og omsorg. Alle som kjem til han vil få oppleva kva det vil sei å få kvila i «Guds grøne enger»!