Sølvi Hopland - Viser Viser
Produktbeskrivelse
Sølvi Hopland har 20-års-jubileum som plateartist/plateselskap i år. I den anledning gir ho ut to samleplater, ein ide ho har hatt i minst ti år som ho no gjennomfører.
Sølvi har gitt ut 5 plater med (nesten bare) eigne songar (1996, 1998, 2001, 2003, 2007), og alltid sunge både allmenne songar, som alle kan kjenne seg att i, og kristne songar, som meir spesifikt har treft ei kristen målgruppe.
No har ho laga to samleplater i eitt jafs: ei samleplate med sine viser om livet, henta frå alle fem platene ho har gitt ut. Her får ho løfta fram dei allmenne visene. Ho vil rett og slett vise visene sine, så difor heiter den "Sølvi Hopland viser viser".
Så har ho også laga ei trøysteplate, "Sølvi Hopland syng til trøyst", med sine songar om tap, tru og trøyst, og om å finne ein veg vidare når livet buttar imot. Denne plata er ei etterspurt plate blant hennar "kristne" publikum.
Det har vore viktig for Sølvi å få gi ut desse platene. For snart 3 år sidan døydde mannen hennar, og ei lang periode trudde ho ikkje at ho kunne synge sine eigne songar lenger. Men langsomt har ho funne trøyst i songar ho sjølv har skrive, og no vil ho med større tyngde enn før synge andre gjennom - og helst ut av - sorg og håpløyse.
Sølvi er også i full gang med innspeling av materiale til ei ny plate med hittil uinnspelte songar, både gamle og heilt ferske, i samarbeid med Tarjei og Helge Nysted.